English homepage
Norsk heimeside

Fagformidling med fokus på demens, eldreomsorg og Livet med ADHD

Hei, og velkomen hit! 🌿
Eg er lege med doktorgrad i alderspsykiatri og forfattar med eige forlag. Eg underviser på førespurnad i tillegg til skriving og eigne fagformidlingsprosjekt.
Bokserien Livet med ADHD handlar om ADHD, men òg om livet sjølv. Desse bøkene er fagleg forankra, men krev ingen forkunnskapar. 
Eg legg vekt på å forklara fag på ein enkel og forståeleg måte.

Bokserien "Livet med ADHD" er endeleg komplett!

Den fjerde boka i serien "Livet med ADHD" er endeleg tilgjengeleg. Du finner boka om alderdomen som lydbok (dialekt) og e-bok (nynorsk og bokmål). 

Du finn alle bøkene som e-bøker og lydbøker her på nettsida mi. 

Eg arbeider òg med å få trykka fysiske bøker, dei fyrste vil vera klare i løpet av februar. 

Kjøp boka her
Les meir om boka

📚 Den engelske versjonen av «Livet med ADHD» er no i CHADD sitt bibliotek

Eg er glad og takksam for at dei to første bøkene i serien Livet med ADHD no er tekne inn i biblioteket til CHADD – Children and Adults with Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder, den nasjonale ressursorganisasjonen for ADHD i USA.

Det betyr at bøkene no er tilgjengelege for foreldre, fagfolk, forskarar og personar med ADHD gjennom CHADD sitt bibliotek og katalogsystem.

Life with ADHD – Childhood og Life with ADHD – Adolescence handlar om å leva med ADHD – med kunnskap, erfaring og håp.
Bøkene er skrive for både dei som treng noko enkelt og nært, og for dei som ønskjer å fordjupe seg meir.

Takk til Rachel James og teamet ved CHADD for at dei såg verdien av prosjektet.
Dei har vurdert bøkene som eigna for biblioteket både for foreldre, pårørande, vaksne, ungdomar og fagfolk.

Dette er stort! 🌿

Du finn bøkene i biblioteket deira her; 

CHADD Livet med ADHD - Barndom

CHADD Livet med ADHD - Ungdom

Få oppdateringar,

refleksjonar og nye prosjekt rett i innboksen 🌿